Sjaman.com – Forumarkiv

🔍 Søk
Dette er et lesearkiv av det gamle sjaman.com-forumet. Det er ikke mulig å logge inn eller poste nye innlegg her.
GjenopprettetMedlem
(Den øvre verden.....hm...veit ikkje om dette høyrer til den øvre verden,
eg føler meir at det høyrer til her nede,men likevel på det andre plan.)
                                     .

Det skjer når ein minst ventar det,og er i rørsle.
At fortida og notida klemmer ut all pust,
så ein vert lik ein pressa,bleikna blom i ei støvete bok,
som ein ukjend seinast åpna,
ein sommar for lenge sidan.

Mørkret.
Elvesuset.
Kompliserte tankebobler som flyt der opp,der nede,der inne.
Den reelle einsemda.
Den ingen får rømme ifrå.

Der...når ein minst venter det..
Det overveldande nære.
Som når duevengjer streifar ansiktet ditt.
Som når isdronninga breier varsamt om deg si varmaste sobelkåpe..

"Du er tilgjeven"
"Du er tilgjeven på alle punkt"
"Forsetje å leve no"
GjenopprettetMedlem
Ja. Eg og har vore der.

Og kjent korleis nokon ( det var ikkje isdronninga ) breier den vernande kåpa rundt meg.
GjenopprettetMedlem
Wow  :respect: Dette var vakkert!

Mvh Stridshjelp
GjenopprettetMedlem
Det er ei svært overveldande kjensle.
Men ein bør ta det til seg.
Vis ein torer. :wub:
GjenopprettetMedlem
Dette rørte meg langt inn i sjela :wub: :respect: :respect:
Nydelig