Mannen i klippen ventar på meg.
I kald kalkstein med månelys på,trur eg at han vil vise seg.
For meg.
Eller kanskje i vårsol denne gong?
Han er eit mysterium frå ei tid uten klokker og alarmar.
Eit knivskarpt ansikt av natur.
Eit ansikt bakanfor tiden.
Han viste seg for meg på ein av desse dagane,
då membranen mellom lykke og katastrofe er tynn,tynn..
Han var alvorleg,og tydeleg.
"Eg ser deg"
Det kom så dagar og år eg aldri hadde drøymt om.
Kalde netter,fimbulvintrar i fosterstilling..
.....men mannen i klippen er med meg.
Til denne dag.
No er eg klar til å reise tilbake,først no.
Åleine denne gong.
Naken vil eg stå i månelys og kikke mot klippen,
lent heilt ut av det samme vindauga
og vis han ikkje er der......
......så er det heilt greitt.
Då går han rundt,der ute --ein stad.
(i så fall vil eg gå den gamle stien opp til klippen, legge ein bukett vårblomstrar der,og seie Takk!)

