Dette er et lesearkiv av det gamle sjaman.com-forumet. Det er ikke mulig å logge inn eller poste nye innlegg her.
GjenopprettetMedlem
<t>Det brinn en blå eld
på det høgste høge
attom ei atthadd grind
bortafør kjem du
gosnakk åt Grindmannen
så held´n grinda oppe
neste gång du kjem
Da ska du trø så linnt du bære kan
- det som søv, ska få såvå
- det som ha vørr,
let du vårrå
med en gråbarka grindstolpe i ryggen,
bli du et pust i bakken
når Mårråselden kviske
det som no ska skje,
ser bære du
i hele vide verda</t>
GjenopprettetMedlem
<t>Som jeg sa høyt, etter å ha lest dette diktet: "Å, dæven, det var søkki bra" :respect:</t>
GjenopprettetMedlem
<t>Takk for eit givande dikt Gro.
Blå eld, grindmannen (det ordet berre nielskar eg),
og kvilen ved grindstolpen og kviskringa frå mårraelden.
Ja, det var ord og bilete som fulgte meg inn i natta,
og inn i draumane. Då eg vakne kom songen til meg.
Eg vonar du fekk syn på draumane dine Gro,
og såg at dei alt var levande, at dei er.</t>
GjenopprettetMedlem
<t>Takk!!!
Det er en sterk opplevelse å skrive på språket frå Hemplassen,
som å bli avkledd
å oppdage en Ordskatt og en Stemme i det nære, men likevel ukjente</t>
GjenopprettetMedlem
<t>Takk for fint dikt som løfter meg attende i ein heimleg og nær mystikk.
Det er interessant med desse portvaktarane/konduktørane/grindemennene i den ubevisste psyken, verda rundt.
Kven er dei, og kva vil dei oss?
Eg skulle ynskt nokon skreiv meir om dette temaet,eg!
(men jøss, det var altså min projeksjon av diktet,det ...grindmannen... :icon_redface: )</t>
GjenopprettetMedlem
<t>Skulle det vera ei trøyst Final Tribe,
så las eg Grindmannen som portvaktar, eg og.
Og eg synes det var eit vedunderleg, godt beskrivande ord,
for det same. Ja, det blir noko nært og kjend ved den skikkelsen,
samtidig som han ikkje let seg beskrive.
Eg har vore oppteken av eit tibetansk mandala i det siste.
Det skal finnas eit på botnen av Lhamo Latso, eit krystallpalass.
Og ein må visst vera innvigd for å kunne gå inn i det.
Det er ikkje eg enno, og eg er frustrert.
Tibetanarane har altså mandala ute i naturen, landskapsmandala.
Det kan jo væra ute i villmarka, som ved sjøen Lhamo Latso, eller
rundt eit kloster.
Eg såg ein film, frå Tsurpuklosteret i Tibet, på You Tube. Da såg eg
noko eg sjøl ikkje fekk med meg då eg vitja klosteret (var meir
oppteken av å vere inni klostrene den gong, og å snakka med munkane).
Men der i filmen viste dei eit måleri av Mahakala på ein fjellvegg, i det
vegen gjekk inn mot klosteret. Dei sa ikkje at han er ein portvaktar,
men det er han. Og i slutten av koraen (sirkelambuleringsvegen rundt
klosteret) var det eit lite steinbygg for gudinna Palden Lhamo. Og det
var tomt og døra var gjenmurt, men eit vindu var det i det lille steinhuset.
Rundt Lhamo Latso går det ein kora. Når tibetanarane dreg på pilgrimstur
dit, dreg dei ofte med mange i fylgjet. Ein gong ved Namtso sjøen, gjekk eg etter
eit slik fylgje. Det var lekfolk, som hadde med seg ein munk. Dei gjekk inn i
(meditasjons?) hulene som låg langs koraen og stoppa opp på visse særmerkte
stadar, ein spesiel stein med eit merke, eller noko slikt. Og munken fortalde og
pekte, til og med småborna verka bergteken av det dei høyrde. Slik vert vel mytane
og dei heilage historiane i landskapet, halde levande og tradert til yngre generasjonar.
Men det eg lurar på no, er om ein slik kora, er som den ytre sirkelen i eit mandala?
Og at det finnes portar inn, i dei fire himmelretningane, og at kvar port har ein vaktar.
Nei, du får orsaka meg Gro, no rir eg mine kjepphestar igjen, og flyg langt
ut på viddene, og veit rett ikkje kva eg vil fram til. Men det er noko med mandala i
landskap og portvaktarar... Kanskje reisa inn i barndommens landskap og treng
ein vaktar, ein grindmann. Kanskje kvar ei reise i andre verder treng det,
som ein slags beskyttelse og forsikring om at vi kjem ut igjen. For i det
siste har eg hatt for mange spontanreiser, og da veit eg ikkje kva som er
verkelig, korkje her eller der, til slutt. Det blir som å vere heilt udisiplinert
og ukontrollert, og heilt forvirra, som eg har vore.</t>
GjenopprettetMedlem
<t>So spennande du skriv, Lilleshri!
Tibet........................................................................................................................
uæh!, no fekk eg slik reiselyst atte..det har allereie pågått ei tid........vindmannen raslar i bønneflagg
og pustar skydottar over kvasse fjelltoppar................plagar meg i vaken tilstand og herjar med meg i draume......endelausa.............fjell landet.......menneskeprikk i den store , vide endelausa....................
..........sjå opp mot fjella..! (tredobbelt ekko)</t>