Sjaman.com – Forumarkiv

🔍 Søk
Dette er et lesearkiv av det gamle sjaman.com-forumet. Det er ikke mulig å logge inn eller poste nye innlegg her.
Anonymous
Her har allereie snøen som falt i går vorten blaut og tung. Snøskottinga, dei lange køane, bilane som køyrde av vegen, og dei som aldri rakk fram, er alt eit fjernt minne. Her går ikkje reisa nokon stans. Alt røyrer seg saktare og saktare, i ring, som i ei seig bakevje. Eg undrast kva eg gjer her, kor eg kjem i frå, og kor eg skal vidare. På eit vis likar det den tomme tilstanden når eg spør meg sjølv og ikkje får svar. Eg tittar på eit fjernt punkt, eit punkt som blir til ein spiral, i ein tunnel, eg blir dradd inn i han....i det fjerne læt ei skjære, frå vindauget høyrer eg drypp...drypp...drypp. Eg virvlast rundt, inn i jorda, i mylja granitt, småstein, røter og  surklande vatten. I ein stendig spiral, som i mitt eige DNA, virvlast eg lenger og lenger inn, hastigare og hastigare, inn, inn mot ingen ting. Skjæra og dryppa frå vindauge forsvinn fjernt bakom meg, eg høyrer mest berre mitt eige hjarta. Dunkdunk....dunkdunk...øyredøyvande...DUNKDUNK....DUNKDUNK... Store fiolette lysballar svevar mot meg, elles er det mørkt. I det fjerne høyrer eg ein framand lyd, han skal ikkje være her, noko er feil, lyden veks i øyrene mine. Det gjer ilt inne i hovudet. Med stor kraft blir eg riven vekk frå hula i jorda, frå deg fiolette lysballane, bort frå skumringa. Det er telefonen som kimar. Eg svarar: "Det er Gorm!" Stemma i telefonen seier: "Hei, eg er Trinelise Sørensen frå Det Store Reiselotteriet, ynskjer du et spesialtilbod på eit lodd kor du kan mylja anna kan vinne ei reise for to til Galapagos Øyane?"  "Nei takk" svarar eg "eg likar ikkje å reise".
GjenopprettetMedlem
:respect:

Der var han :w00t:

Elin :innocent2:
GjenopprettetMedlem
Hei Khanate.

Bra det er forskjell på å reise og å reise.... En annen ting som er lurt av og til, er å slå av telefonen :razz:

Inger Lise.