Eg bygde og bygde på skapet mitt.
Frå år til år vart det stort og fint
med knusfrie ruter og hengelås.
Eg følte meg trygg i min eigen bås
Eg ordna meg kjekt i min lenestol
med kaffe og pledd og parabol
men du sat med koden til låsen min.
Du låste opp og eg slapp deg inn
Eg vakna så brått utav dvalen min
Eg hadde slumra i mange år
Eg kjende ljoset og varmen din
og såg at ute så var det vår.
Fra cd`n Reisa av Johanna S