
Slik rista dei runer i Odins tid.
Ein draum om at noko skulle vara
Slik "tagga" dei skrift på skinn og stein.
Visdom for komande daga.
Gjøymde i gener og djupt i vårt sinn
ligg teikna som vi skulle sjå.
I led etter led og godt kapsla inn
den kunnskap som vi skulle få.
Når tida er moden det spirer og gror
frøet som latent ligg og venta.
Den vakraste blome på heile vår jord:
Kjærleik mellom guten og jenta.
(Johanna S)

