<t>Morfar tenner opp i peisen og flammane lyser opp kvar fure i det gamle ansiktet hans.
Nett då liknar han ein indianar høvding,og som om han kunne lese tankane mine,
snur han seg mot meg og seier Ugh!!
Eg skvett litt i stolen,og Morfar brummar:Du må ikkje vere så lett skræmd,gut!
Så peikar han med fingen inn i flammane som dansar og olmar,og eg ser eit bjørne ansikt opne kjeften å gape mot meg.Så peikar Morfar igjen inn i elden og då ser eg ein gut med lue som prøver å springje men eine foten vil ikkje med.Så tek Morfars nokre turka blomster frå ein øskje og lempar dei inn i eldhavet.
Blå og lilla blir elden farga og gneistrene slår i alle kantar og smell som gute-knall,det kjem ei mystisk tung lukt i rommet,og eg ser brått opp på Morfar som no river av seg skjorta og hopper inn i flammane å forsvinn!!
Følg meg gut!! Gjer etter meg,hopp inn i peisen!!,høyrer eg Morfar mane frå ein stad der inne.
Eg veit ikkje anna råd en å lystre den manande stemmen og riv av meg college genseren og kastar meg hodestups inn i kaskadane av slikkjande eld tunger.
Og der! Der er Morfar,han har funne seg ein stol og eit lite bord,ingen flammer?.......
Kor er me no Morfar,spør eg kjapt. Me er bak tia,gut! Her blir me ikkje eldre,eg kan leva så lenge eg vil,du og! Seier Morfar,vel høgt,så eg trekkjer meg i saman ,som sneglen gjer det.
Men...Morfar! her er jo ingenting,ein stol,og eit bord,og kva er det som ligg der borte,ein ull sokk??
Her er meir en auga kan sjå,seier Morfar enno høgare denne gongen,så det blir ekko i hola me er i.
Men du må lukke dei fysst manar Morfar,gjer det gut,lukk dei berre og stol på meg.
Eg lar auge lokka gli att og legg sjela i hendene på Morfar,og då ser eg jammen inn i stua til Morfar.
Han skjenker kakao i koppen min,og eg kan sjå pusen hans,den kikkar opp på meg å fresar med store svarte auge. Eg skvett til,og åpner augene att. Ja! kva sa eg? Spør Morfar.
Jau,seier eg....no skjønar eg. Gjer du det?,spør Morfar.
Ja,det gjer eg,seier eg fort. Kva er det du skjønar ?? spør Morfar igjen.
Jau,att eg berre drøymer på eit vis.
Du må vakne gut!! seier Morfar og klappar i hendene.
Eg skvett til,og møter ansiktet til Morfar i det han bøyer seg over meg for å ta< ein edderkopp som kryp rundt oppå sengelampetten.
Du snakkar mykje i søvne gut,seier Morfar,og leier edderkoppen ut døra,der den kom frå.
Morfar er lyn snar å smekke døra att,så den ikkje ser sitt snitt å kravle inn igjen og under brødskuffa.
Ute høyrer eg den tappe med føtene sine på døra,men Morfar bryr seg ikkje.
Den får finne seg eit anna hus,seier Morfar,og later som ingenting,når det igjen bankar på døra.
Eg får brått litt vondt av edderkoppen,men tenkjer at det er nok best slik som Morfar vil det.
Plutseleg smell det i kjøkenvinduet,og det knuser med ein skringlande skjærande lyd.
Ein tung svart stein ligg på golvet oppå glas skåra,ein lapp er hekta fast til den.
Morfar er snar å plukkje opp steinen og byrjar lese frå den vesle lappen som er på:
Have a good day!,seier Morfar på engelsk,og han ser ikkje glad ut.</t>