Sjaman.com – Forumarkiv

🔍 Søk
Dette er et lesearkiv av det gamle sjaman.com-forumet. Det er ikke mulig å logge inn eller poste nye innlegg her.
GjenopprettetMedlem
Arne Garborg

Haugtussa

DET VAARAR

Mot Soleglad

Det stig av Hav eit Alveland
med Tind og Mo;
det kviler klaart mot Himilrand
i kveldblaa Ro.

Eg saag det tidt som sveipt i Eim
bak Havdis graa;
det er ein Huld, ein heilag Heim,
me ei kann naa.

Ho søv, den fine Tinderad
i Draume-Bann;
men so ei Stund ved Soleglad
ho kjem i Brand.

Naar Dagen sig som Eld og Blod
i Blaae-Myr,
det logar upp med Glim og Glod
og Æventyr.

Det brenn i Brè og skjelv og skin
med Gullan-Bragd,
og Lufti glø'r i Glans av Vin,
Sylv og Smaragd.

Men av han døyr, den bleike Brand,
som slokna Glod,
og klaart som fyrr ligg Alveland
i kveldblaa Ro.

Eg lengta tidt paa trøytte Veg
der ut til Fred;
men Lande fyrst kann syne seg,
naar Sol gjeng ned.


Frå:
http://www.eq5.net/garborg/index.html
http://www.eq5.net/garborg/gbregister.html
http://www.eq5.net/garborg/haugtussa09.html
GjenopprettetMedlem
Lytt og nyt denne inderlige, inderlige tolkningen av "Til deg, du heid og bleike myr"

http://www.youtube.com/watch?v=1hk2BXRA0j8

(vokal: Lynnie Treekrem)



Hele teksten finnes her:

http://www.eq5.net/garborg/haugtussa01.html



Info om Haugtussa på Wikipedia:

http://nn.wikipedia.org/wiki/Haugtussa
GjenopprettetMedlem
<t>Takk for diktet Passopp.



Opprinnele heite han Ådne Garborg,men de syns navnet var så stygt

at de valgte å kalle han Arne.





(fekk servert denne historien av rektor ved innkvartering på folkehøgskule for mange år siden,alle lo hugsar eg,for det var jo trass alt ein munter dag for mange,også meg,men eg husgar eg tok dette som eit teikn eg skulle lære å tye).Noke med janteloven å gjere,at eg ikkje skulle få for mykje luft under vengjene,alt det der.

Hugsar også å bli utvist derifrå i mistanke om sniffing,då dei hadde funne eit glas med maling oppi ein plastpose på nabo doen til rommet mitt.denne brukte eg til å dyppe ei lyspære i for å lage hu grønn. (oljemaling)

Eg fekk ikkje forklart meg,skulen var så redd for sitt rykte,og dei hadde mistanken på si sie,ut å adjø)



Mvh.tidl.mob.offer Ådne</t>