Eg har tenkt litt på det...
Eg har aldri hatt skilpadde som kjæledyr/husdyr.
Men har sett ville skilpadder.Havskilpadder.
Min observasjon av desse skilpaddene,er at dei er klossete og litt seine på land.
Dei myser mot sola? ,og føler seg ikkje heilt vel.
Skallet beskytter mot det meste vondt,men får du dei på rygg,er dei så sårbare,så sårbare..
Det er så mørkt der inne,under skallet.
Dei dreg seg framover i våt sand,saaakte,for å legge sitt egg,men dei veit kvar dei skal!
Når dei vender attende til sitt andre element,skjer det en underleg transformasjon!
Sanden blir vaska bort frå dei attknipne augene,og dei fokuserer utover-i det blå.
Elegant som få der nede,sym dei av garde.Ja ,dei nesten flyg!
Eller dei stopper opp,og slår følgje med en klossete akvanaut for ei lita stund.
Blikket er fast og åpent,men litt på skrå..
"Var det deg menneske eg møtte der oppe?"
Dei beiter i Moder Jords mest fargerike hagar.
"Prøv å ta meg",ler skilpadda så, med sitt innebygde kompass-og sym i en stille symfoni utover avgrunnen,
ut i det store blå...............
Ikkje ver lei om skilpadda dukkar opp,ho er ikkje berre av ei verd!
